Vedlikehald av gamle cachar
Posted: Thu 14.05.2015 kl. 22.17
Det vert stadig færre att av dei aller eldste cachane. Fleire av dei nicka som var mellom pionerane innan geocaching og plasserte ut dei første geocachane, har forlete hobbyen og ikkje vore innlogga på geocaching.com på fleire år.
På eventet 'Meet the Lackey and Reviewers 2015' i Stockholm 2. mai i år kom eg i snakk med Cervis Venator om dette temaet. Eg gav uttrykk for at det er synd at aktive cacharar ikkje kan overta gamle cachar utan at CO sjølv aktivt adopterer bort. Det hadde eigentleg vore fint om Groundspeak kunne endra på dette. Cervis var klar over problemet, og han nemnde nokre gamle cachar i Bergen som han heldt auga med og som etter kvart må arkiverast om dei ikkje vert vedlikehaldne. Det Cervis Venator sa at me kan gjera dersom me vil gi ein gamal geocache eit forlenga liv, er å gi cachen det han treng av vedlikehald og så posta note på listinga om at vedlikehald er utført. Deretter bør me senda e-post til reviewer slik at han vert merksam på at vedlikehaldet er utført. Reviewer kan ikkje gjera noko med eigarskapen til cachen, men han kan fjerna vedlikehaldssymbolet på cachen dersom han finn det sannsynleggjort at cachen ikkje lenger treng vedlikehald.
Eg tenkte dette var eit tips som kunne interessera fleire.
Revehiet har i dag bytta boks på Geitanuken – GCHPGT. Det finst eldre cachar i Bergensområdet som treng litt omsut.