Erfaringar med ulike cacheboksar
Posted: Sun 23.06.2013 kl. 18.10
Eg tenkte ein liten tråd med erfaringar med ulike cacheboksar kan vere av interesse. Her kan vi dele erfaringar av kva som fungerer og kva som ikkje fungerer!
Først vil eg skrive litt om mine erfaringar med palatka
Kanskje nokon lurer på kva ein palatka-cache er...? Så derfor først litt om det:
Dette er ein heimelaga cache. Du tar ein ziploc-pose og teiper den inn med gaffateip. Normalt sett så teipar du også inn eit par magnetar slik at du kan henge den på metall (trur ikkje eg har funne palatka som ikkje er magnetisk).
Det viktige med denne cachen er at åpningen i cachen, altså ziploc-åpningen må vende nedover - iallefall når den er plassert slik at den kan bli utsatt for regn.
Eg har brukt ein del av desse cachane, blant anna Solheim kapell, Bolstadøyri stasjon og Evanger stasjon. Erfaringane frå stasjonscachane der desse er plassert litt skjerma for ver og vind er veldig gode. Cachen held seg gjerne bra i 2-3-4 år - den eine her vart bytta etter 2 år pga slitasje. Og her har ikkje vatn i cachen vore noko problem som følge av plassering skjerma i rekkverk/autovern.
Erfaringen frå Solheim kapell er derimot veldig dårlege. Denne cachen er plassert bak på ein "straumboks" og dermed er den ikkje skjerma. Blir den plassert feil veg så renn regnvatnet ned langs straumboksen og rett inn i cachen. Sjølv om cachen har vore merka med denne retning opp osv så tar det aldri lang tid før den blir plassert feil - og dermed kliss blaut igjen. Så med slik plassering og slike forhold kan ikkje palatka anbefalast. Cachen er no bytta. (vel og merke har eg ein anna palatka med tilsvarande plassering - men få besøk. Den har det ikkje vore noko problem med).
Fordeler med palakta:
+enkel og billeg cache. Du treng ziploc-pose, magnetar og gaffateip.
+den er flat slik at den lett kan skjulast, spesielt om du tilpassar gaffateip-fargen til omgivelsane.
Men som vist over, plasser den slik at den ikkje er direkte utsatt for ver og vind!