Min meining er at eventuelle adventseventer dei 4 søndagane evt er ein "backup plan" dersom det ikkje er nok utleggarar til å fylle kalendar. Altså at hovedmålet, slik eg ser det, bør vere å få ein adventskalendar på lik linje med tidlegare år der det ikkje blir lagt føringar på event eller ikkje event, lokalisering av event etc.
Dei som har nemnt event som del av utlegg så langt har jo f-eks foreslått dette på mandag og laurdag. Og det er heilt fint etter mitt syn, og dei må sjølvsagt også få arrangere eventet på den lokasjonen dei ønsker.
Og mhp kombinering av 4 søndagsevent og kalendar så er det også ein gong slik at første søndag i advent ikkje er på ein "kalendardag" ettersom den er 30.november. Men den dagen er jo sjøvsagt velegna for eit "vente-event"
Så mhp cache vs event så er min meining at kalendardag medfører cacheutlegg (som da kan finnast på andre dagar) og eventuelle event kjem som ein fin bonus/tillegg for dei utleggarane som ønsker det!