Det viste seg at denne måten å organisere på (tur med delturar) heller ikkje fungerte som tenkt, fordi delturane automatisk arva påmeldingar frå hovudturen.
Difor har eg oppretta gruppa «Fellesturer i Bergens-området» (
https://www.cachetur.no/gruppe/FB) og invitert alle nicka som har vore med på tur før. Slik kan forhåpentleg denne gruppa bli eit forum for diskusjonar, og så kan påmeldinga til turane fungere som nettopp det, dvs. at ein melder seg på når ein veit om ein kan den spesifikke datoen som er avtalt i gruppa.
Dette vil seie at eg sletta dei gamle Banden-turane mine (del 2 og 3) og har lagt dei inn som turar på gruppa.
Eg håpar alle vil leggje dei framtidige fellesturane sine inn her. Eg er usikker på korleis det fungerer med innmelding i gruppa for dei eg eventuelt har gløymt, men de får berre ta kontakt dersom det krev at eg godkjenner e.l.